Kort fortalt

Fleire bønder ser økonomisk framgang

Sterk auke siste åra.

06.12.2017
NPK: Mange fleire bønder enn før ser positiv økonomisk utvikling i gardsdrifta, viser Trendundersøkinga for 2016 frå Ruralis.
Mens berre 10 prosent av bøndene som svarte på i 2002, meinte det økonomiske resultatet frå gardsdrifta utvikla seg i positiv retning, var denne prosentdelen auka til 40 prosent i 2016.
I 2002 var det òg 68 prosent som meinte det gjekk feil veg, mot berre 26 prosent i 2016.
Berre 27 prosent av bøndene som svarte på Ruralis-undersøkinga i fjor, oppgav at dei var over middels fornøgde med inntekta frå gardsdrifta. 65 prosent var middels til svært tilfredse med hushaldsøkomien.
Tilfredsheita med både gardsinntekt og hushaldsøkomi har auka dei siste 14 åra, viser Trendundersøkinga.

Publisert: 06.12.2017 11:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40