(NPK): Over halvparten av all sjømat vi handlar for å ete heime er fersk. Fersk laks er det det går mest av, torsken kjem på andreplass.
Sjølv om salet av sjømat i butikk aukar, et vi likevel litt mindre sjømat. Det kjem av at vi kjøper meir rein fisk og mindre skinn og bein, ifølgje Noregs sjømatråd.
Trenden er at vi kjøper med oss ferske reinskorne filetar og porsjonspakningar.
Over halvparten av fisken vi tek med oss heim frå butikken er fersk, nesten ein tredel er frosen, ein tiandedel er hermetisert og berre fire prosent av fisken er røykt.

Publisert: 01.06.2016 11:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46