Kort fortalt

Fleire fiskarar og små fiskebåtar

6.136 fiskebåtar i Merkeregisteret.

05.01.2018
NPK: Både talet på fiskarar og mindre fiskebåtar auka frå 2016 til 2017, viser tal frå Fiskeridirektoratet.
Talet på fiskarar som har fiske som hovudyrke, auka med 67 til 9.493, mens det vart 13 fleire av dei som har fiske som biyrke. Totalt var 11.316 fiskarar registrerte i fiskarmanntalet ved utgangen av fjoråret.
Mens talet på fiskefartøy på 11–28 meter minka med vel 4 prosent frå 2016 til 2017, var det vekst i talet på mindre båtar. Ved utgangen av året var det 219 fleire registrerte fiskebåtar under 11 meter enn året før.
– Det er nok spesielt fisket etter leppefisk som har ført til fleire registrerte fiskefartøy, seier seksjonssjef Anita Kjeilen Steinseide statistikkavdelinga i Fiskeridirektoratet.
I alt 6.136 fiskebåtar stod i merkeregisteret ved utgangen av 2017, mot 5.947 eitt år tidlegare. 5.003 av dei registrerte båtane var under 11 meter.

Publisert: 05.01.2018 18:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40