Kort fortalt

Fleire fullfører vidaregåande

Møre og Romsdal skårar høgt.

03.06.2016
Heile 73 % av dei som byrja i vidaregåande opplæring i 2010 hadde fullført i 2015. Dette er det høgste talet som er registrert av SSB sidan målinga byrja.
Tidlegare har talet på landsplan vore på om lag 70 %, opplyser Statistisk Sentralbyrå.
I Møre og Romsdal har 76,1 % fullført vidaregåande opplæring i 2015, det er ein oppgang på 2,8% prosentpoeng frå året før.
Berre Akershus, Sogn og Fjordane og Oslo skårar betre, opplyser Fylkeskommunen.
Innanfor yrkesfag har Møre og Romsdal den beste gjennomføringa av samtlege fylke med 65 %. Det er 1 prosentpoeng betre enn neste fylke som er Rogaland.

Publisert: 03.06.2016 12:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46