Kort fortalt

Fleire jobbar i havbruksflåten

Sysselset 6.400 norske sjøfolk.

15.02.2022
(NPK):: Den maritime havbruksverksemda er i ferd med å bli ei stor næring. Det jobbar i dag 6.400 norske sjøfolk i havbruksnæringa.

Dette talet kjem frå ein rapport som Menon Economics har utført på oppdrag frå Sjømat Norge og Maritimt Forum Nord, skriv Kyst og Fjord.

Menon Economics-rapporten viser til at dei 6.400 norske sjøfolka i havbruksflåten er fordelte på 1.700 tilsette i brønnbåtflåten, 2.200 på servicefartøy og andre spesialiserte havbruksfartøy, i tillegg 2.500 på røktarbåtar.

Kriteriet for å bli registrert som sjømann er at vedkommande har eit maritimt fagsertifikat. Til saman jobbar i dag mellom ein tredel og ein firedel av alle norske sjøfolk om bord på fartøy som har havbruksselskapa som sine kundar. Menon Economics påpeiker at denne utviklinga i hovudsak er skjedd dei siste 5–10 åra, og at denne veksten er venta å halde fram i åra som kjem.

Rapporten legg vekt på at den raske veksten i talet på sjøfolk er eit resultat av dei auka krava til maritim teknologi og kompetanse innan havbruksnæringa.

(©NPK)

Publisert: 15.02.2022 21:53

Sist oppdatert: 15.02.2022 21:55

Mer om