(NPK-NTB): Langtidsarbeidsløysa aukar, særleg på Sør-Vestlandet, ifølgje ein ny analyse frå Nav. Etaten håpar dei ledige vurderer å byte buplass eller yrke for å få seg jobb.
Rapporten viser at det historisk har gått relativt raskt å finne seg ny jobb i Noreg, skriv Klassekampen. Når mange misser jobben, går tida det tar å søke ny jobb først ned, men den stig når arbeidsløysa blir varig. I tillegg kan det å ha vore utan jobb i seg sjølv bli eit hinder for å finne ein ny.
– Tala viser tydeleg at det er negativt å gå lenge ledig. Å komme seg inn i arbeidsmarknaden, sjølv om ein ikkje får draumejobben, og så søke vidare derfrå, er betre enn å vere kresen til å begynne med, seier kunnskapsdirektør Yngvar Åsholt i Nav.
– Det er viktig at ein er open for å byte yrke eller bransje. Spesielt dei som opplever arbeidsløyse på Sør-Vestlandet bør vurdere å flytte på seg, seier Åsholt.
Det er store geografiske forskjellar i korleis arbeidsløysa utviklar seg. Rogaland har lenge lege langt nede på listen, men er no på topp med 4,6 prosent arbeidsløyse. Det er blitt 47 prosent fleire ledige i fylket. I Oslo har arbeidsløysa falle med 5 prosent på eit år. (©NPK)

Publisert: 10.06.2016 09:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45