Kort fortalt

Fleire ledige i mai

Arbeidsløysa høgare enn i april.

25.07.2019
NPK-NTB: I mai utgjorde dei arbeidslause 3,4 prosent av arbeidsstyrken, justert for sesongvariasjonar. Det er ein oppgang på 0,2 prosentpoeng frå april.
Ifølgje sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 95.000 arbeidsledige i mai (snitt april-juni), som er 11.000 færre enn i februar (snitt januar-mars). Dette er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng. Nedgangen er innanfor feilmarginen i AKU, melder .
Samtidig har arbeidsløysa auka frå 3,2 prosent i april til 3,4 i mai.
I andre kvartal 2019 auka talet på sysselsette personar i Noreg med 22.000 personar frå tilsvarande kvartal året før. Dette er ein oppgang på 0,2 prosentpoeng. Auken gjeld heiltidssysselsette, skriv SSB.
Arbeidsløysa låg rundt 4 prosent i eit års tid, før ho minka i oktober i fjor og nådde 3,2 prosent i april i år.
SSBs AKU-tal er eitt av to sett som blir brukte for å måle arbeidsløysa i Noreg. Oversikta til Nav er den andre. Medan SSB baserer seg på ei kvartalsvis intervjuundersøking, tel Nav registrerte ledige.
Ved utgangen av juni var 73.500 personar registrerte som heilt arbeidsledige eller som arbeidssøkarar på tiltak hos Nav. Det er 6.500 færre enn i juni i fjor, og svarer til 2,7 prosent av arbeidsstyrken.
SSBs AKU-tal ligg som regel klart høgare fordi SSBs undersøking òg omfattar folk som søkjer arbeid utan å registrere seg hos Nav.

Publisert: 25.07.2019 10:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33