Kort fortalt

Fleire les aviser på mobiltelefon

Papiravislesing ned - mobillesing opp.

28.09.2017
NPK-NTB: Lesartala for papiravisene har falle med 11,3 prosent det siste året. Også på nett er det nedgang, mens den positive utviklinga held fram for mobilutgåvene.
Nettavisene til mediehusa hadde ein nedgang på 4,1 prosent frå 2015/2016 til 2016/2017. I same periode auka lesinga av mobilutgåvene med 7,6 prosent, viser ferske tal frå (MBL).
Statistikken viser at 82 prosent av Noregs befolkning bruker innhald frå norske mediehus kvar dag. 61 prosent les norske nettaviser dagleg, mens papirutgåvene når 46 prosent av befolkninga. Mobilutgåvene har ei dagleg dekning på 43 prosent.
– Norsk journalistikk står framleis sterkt, noko som den daglege dekninga på 82 prosent viser tydeleg. Det var venta at lesartala for papiravisene ville falle, men det er positivt at innhaldet stadig oftare blir lest på mobile flater. Derfor er det gledeleg at våre medlemmer satsar på godt norsk digitalt innhald, seier administrerande direktør Randi S. Øgrey i MBL.
Kun 6 av dei 152 avistitlane som blei rapportert, har fått fleire lesarar, mens 99 aviser har fått færre. VG er Norges største mediehus, mens Aftenposten er den største papiravisa i landet.

Publisert: 28.09.2017 12:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41