Kort fortalt

Fleire økokrim-meldingar

Dei fleste sakene handlar om bedrageri.

16.04.2024

(NPK-NTB): Økokrim registrerer eit aukande tal på politimeldingar av økonomisk kriminalitet. Dei fleste sakene handlar om bedrageri.

Talet på politimeldingar er jamt aukande, og det kom inn over 800 fleire tips enn i fjor, viser Økokrims årsrapport for 2023.

Totalt kom det inn 3323 tips til Økokrim i fjor.

– Økokrim får også rapportar om mistenkjelege transaksjonar frå rapporteringspliktige etter kvitvaskingslova og tips via digitale tipskanalar, opplyser Økokrim i ei pressemelding.

I løpet av fjoråret vart det også oppretta ei eiga førebyggjande eining, som så langt har sett i gang 28 førebyggjande tiltak på ulike område.

– Av desse er 14 knytt til bedrageri, sju til kvitvasking, tre til naturmangfald, tre til fiskerikriminalitet og eitt til dyrevelferd, opplyser Økokrim.

(©NPK)

Publisert: 16.04.2024 11:47

Sist oppdatert: 16.04.2024 12:12

Mer om