Kort fortalt

Fleire menn er arbeidsledige

Flest menn mister arbeidet.

28.10.2015
(NPK-NTB): Det er 25.000 fleire arbeidsledige ved utgangen av tredje kvartal i år enn på same tid i fjor. Heile 23.000 av desse er menn, ifølgje SSB.
Det er ein stor auke i menn som er arbeidslause, mens fleire kvinner jobbar heiltid, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå ( ).
Til saman var det 127.000 arbeidsledige ved utgangen av tredje kvartal.
Det er ein nedgang på 13.000 sysselsette – rundt 17 prosent – i bergverksdrift og utvinning, ei næring som er dominert av olje- og gassutvinning.
Talet på kvinner som jobbar heiltid auka med 19.000 personar frå tredje kvartal i fjor til i år.
Det var også fleire eldre i arbeid i tredje kvartal år, sysselsettinga auka for personar i gruppa 55– 74 år. (©NPK)

Publisert: 28.10.2015 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50