Kort fortalt

Fleire på camping

Auka campingturisme på Vestlandet

22.07.2016
(NPK): Besøkstala for fleire campingplassar på Vestlandet går mot nye høgder, og tendensen byrja å vise seg allereie i mai.
Fleire campingplassar i Sogn og Fjordane fortel om besøksrekord, skriv avisa Fjordingen.
Reiselivssjefen for Visit Nordfjord, Marita Lindvik fortel til Fjordingen at Nordfjord har hatt ein totalauke på 9,5 prosent. 5,5 prosent av dei er nordmenn og 30,7 prosent er utanlandske turistar.
Lindvik meiner forklaringa på den auka turismen er både god marknadsføring av Vestlandet, og ei auka interesse for aktive opplevingar i spektakulære omgjevnader.
Andre årsaker kan ifølgje reiselivssjefen vere urolege tider i delar av verda som gjer at utlandet ikkje er eit så aktuelt reisemål.
– I urolege tider opplever mange Noreg og Skandinavia som eit trygt reisemål, seier Lindvik til Fjordingen. (©NPK)

Publisert: 22.07.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45