Kort fortalt

Fleire selskap i offentlege tenester

Kan verte konsekvensen etter press frå ESA.

05.01.2018
NPK-NTB: Etter press frå ESA vurderer regjeringa å lage reglar om at offentlege tenester må skiljast ut i eigne selskap, skriv Klassekampen.
Ifølgje kjem eit regjeringsnedsett utval med nye forslag til reglar som kan gjere det vanskelegare å yte tenester i offentleg eigenregi.
Nærings- og fiskeridepartementets grunngjeving for å bestille rapporten var at det offentlege kan ha enkelte fordelar som pressar private ut av marknadar.
Bakgrunnen er at stat og kommune ikkje betaler skatt til seg sjølv eller kan gå konkurs. Ifølgje EØS-avtalens overvakingsorgan ESA bryt dette med EU-reglane om offentleg støtte dersom stat og kommune leverer tenester som private selskap også leverer.
Utvalet skal blant anna vurdere om det offentlege difor skal vere pliktig å skilje ut slike tenester i eigne selskap. Rapporten skulle vore ferdig til nyttår og er noko forseinka, men ifølgje departementet er den klar om ikkje lenge.
Til no har ESA meint at praksisen i dag er i strid med EØS-avtalen i saker om renovasjonstenester, sjukehusapotek, kommunale treningssenter og om eit offentleg laboratorium i Trondheim. Årsaka er at det offentlege i desse tilfella skal ha levert tenester som private også leverer.
Professor Hans Petter Graver ved institutt for privatrett ved Universitetet i Oslo trur det er tilsvarande tenester som blir ramma dersom regjeringa lagar eit nytt regelverk i tråd med ESAs anbefalingar.

Publisert: 05.01.2018 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40