Kort fortalt

Fleire siglar med farleibevis

Talet på siglingar med farleibevis auka med 14 prosent i fjor, dels på grunn av betre registrering, men ikkje minst på grunn av auka bruk.

29.01.2014
(NPK): Ved årsskiftet hadde Kystverket registrert vel 2.870 e-farleibevis. Kystverket konstaterer at satsinga på digitale tenester for dei sjøfarande gir gevinstar.
Takka vere det digitale meldesystemet SafeSeanNet Norway får no både tollstellet, politiet, Forsvaret og Sjøfartsdirektoratet meir komplette rapportar om skipstrafikken enn før. Dessutan får Kystverket betre oversikt over dei lospliktige siglingane.
Kystverket registrerte over 107.000 siglingar langs norskekysten i fjor. Ettersom fleire av siglingane gjekk med farleibevis enn før, var også talet på siglingar med los om bord litt lågare enn i 2012. Siglingane med losplikt minka med 1,7 prosent, trass i at talet på slike siglingar var høgare.

Publisert: 29.01.2014 13:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22