NPK-NTB: Ved utgangen av denne månaden var det registrert 600 skip i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Det er det høgste talet sidan 2008.
Fram til 2015 var skipsregisteret prega av nedgang. I 2014 var det 522 skip i NIS – eit register som vart oppretta i 1987 for å sikre eit konkurransedyktig alternativ for norske utanriksreiarlag.
I 2016 mjuka regjeringa opp regelverket for registrering i NIS, og no konstaterer sjøfartsdirektør Olav Akselsen at 54 av skipa som har flagga inn i NIS sidan januar 2016 kan knytast direkte til desse endringane.
– Dette er ei veldig gledeleg nyheit for heile den maritime næringa i Noreg, og med auka tonnasje får vi større slagkraft i internasjonale maritime fora. Ein flåte i vekst kan også bidra til moglegheiter for norske sjøfolk, seier Akselsen.
Også næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er fornøgd med utviklinga og understrekar at ein stor norsk flåte er viktig for å sikre arbeidsplassar og sikre den maritime kompetansen.
Leiaren i Sjømannsforbundet, Johnny Hansen, er meir usikker på kva dette betyr for norske sjømenn.
– Det kunne vore interessant å få ein oversikt over utviklinga når det gjeld talet på norske sjøfolk på desse skipa. Eg er bekymra for at den er negativ, seier Hansen til NTB.

Publisert: 06.02.2018 13:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39