Kort fortalt

Fleire skip vert norske

Mange utanlandsregistrerte skip flaggar heim.

11.01.2016
(NPK): Dei nye reglane for norskregistrerte skip har så langt i år ført til 21 søknader om heimflagging norskeigde skip. Sjøfartsdirektør Olav Akselsen trur det blir fleire.
– Vi er nokså sikre på at 30 skip kjem til å gjere det, og trur det er realistisk at det blir 50 nye norske skip, seier Akselsen til .
Norskeigde frakteskip har til no i hovudsak vore registrerte utanlands ettersom skipa i Norsk internasjonalt skipsregister (Nis) ikkje har hatt lov til å sigle mellom norske hamner på veg til Europa. Den regelen er no endra, og da vil mange av reiarlaga hente skipa heim.
– Vi har lagt bak oss ein periode med nokså stor nedgang i talet på skip i det norske registeret. Går vi ti år tilbake, så har vi hatt ein nedgang på 20 prosent, seier Olav Akselsen, som trur Noreg blir styrkt som sjøfartsnasjon når så mange skip kjem under norsk flagg. (©NPK)

Publisert: 11.01.2016 11:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49