Kort fortalt

Fleire slit med å betale bustadlånet

Inkassoselskapa er bekymra.

25.09.2023

(NPK-NTB): Dei kraftige renteaukane gjer at stadig fleire no slit med å betale renter og avdrag på bustadlåna sine. To av dei største inkassoselskapa i landet er bekymra.

Sidan september 2021 har Noregs Bank auka styringsrenta 12 gonger – frå null til no 4,25 prosent. Og sentralbanken har samtidig varsla ny renteauke i desember, skriv Dagens Næringsliv.

Eit bustadlån på 4 millionar kroner og 20 års nedbetalingstid kosta for to år sidan – då renta var på sitt lågaste – litt over 22.000 kroner i månaden. No kostar det same lånet rundt 31.000 kroner i månaden.

Til og med august i år har Kredinor 8 prosent fleire inkassosaker mot privatpersonar samanlikna med same periode i 2022. Målt i beløp er auken på 22 prosent. For bustadlån er det 35 prosent fleire enn i fjor som slit med å gjere opp for seg før lånet endar i inkasso, medan auken blant dei yngste aldersgruppene er på over 120 prosent.

– Det er urovekkjande. Det berre aukar på, seier Klaus-Anders Nysteen, toppsjefen i inkassokonsernet Kredinor. Han peikar samtidig på at vi enno ikkje fått den fulle effekten av renteaukane og ser få lyspunkt framover.

Inkassoselskapet Intrum melder at dei frå januar til juni har hatt rundt 50 prosent fleire bustadlån som går til inkasso – og 25 prosent fleire billån.

– Renta tek no i større grad over for inflasjonen som kostnadsdrivar og vil slå ut i meir misleghald av lån i tida som kjem, seier sjefanalytikar Morten Trasti i Intrum til avisa.

(©NPK)

Publisert: 25.09.2023 11:12

Sist oppdatert: 25.09.2023 11:12

Mer om