Kort fortalt

Fleire smitta ved Sande-verft

Har spreia seg i lokalsamfunnet.

Marius Rosbach
11.10.2021

Ifølgje den siste oppdateringa frå Sande kommune, er fleire enn 80 personar som er smitta i samband med koronautbrotet ved Myklebust Verft.

Fem nye tilfelle blei meldt i helga, og mellom dei var ein elev ved Gursken oppvekstsenter. Ein person har også testa positivt etter reise i utlandet.

Kommunen opplyste før helga at verftet hadde teke situasjonen på alvor, og at kommunen sine folk følgjer utviklinga tett.

– Sjølvsagt vil vi at alle er merksame og gjer gode vurderingar på korleis ein opptrer i Sande-samfunnet i denne situasjonen, la kommunen til i ei melding.

Publisert: 11.10.2021 12:24

Sist oppdatert: 11.10.2021 12:25

Mer om