Myklebust verft politiker besøk foto marius 11
MYKLEBUST VERFT: Bilde er frå eit politikarbesøk ved Sande-verftet i sommar. No opplever dei tilsette eit større smitteutbrott. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Mange smitta – påverkar drifta «moderat»

Myklebust-verftet har tapt framdrift grunna smitteutbrot, men dokka ut skip seinast i dag.

Marius Rosbach
08.10.2021

Myklebust verft i Sande er framleis råka av eit større smitteutbrot. Tala på smitta har gått opp dei siste dagane, men situasjonen påverkar likevel ikkje drifta i større grad, fortel verftsdirektør Inge-Jonny Hide til NETT NO.

– Det korte svaret er at det går bra, svarar Hide på spørsmålet om konsekvensane av utbrotet.

– Vi har tapt litt framdrift desse par siste vekene, men vi har full produksjon og leverer ein båt i dag. Eg vil seie vi er moderat påverka, fortel verftssjefen til NETT NO tidleg fredag.

Det er Havila Phoenix, som fredag blir dokka ut etter å ha fått utført vedlikehaldsoppdrag.

Minst 70 smitta
Verftet har dei siste dagane starta massetesting av arbeidarane med testing kvar dag. Dei som er smitta, blir isolerte i fem døgn og så langt er ingen blitt alvorleg sjuke.

Smitteutbrotet var torsdag kome opp i 70 registrerte smitta, ifølgje Vestlandsnytt.

Kring ein tredel av desse er tilsette på verfta, og resten ved underleverandørar. Inge-Jonny Hide meiner dei alt i alt no har kontroll på situasjonen.

Ber om at folk tek utbrotet på alvor
Kommuneoverlege Asta Sileikiene i Sande ber kommunen og folket i Sande om å ta koronautbrotet på alvor.

–- Viruset er ekstremt smittsamt, det ser vi på kor raskt smitten spreier seg. Det fører til at det framleis kan bli store utbrot der ubeskytta i lokalsamfunnet kan bli hardt ramma, sa ho til Vestlandsnytt tidlegare i veka.

Ho oppmodar folk i lokalsamfunnet til å vaksinere seg snarast mogleg, bruke av munnbind og halde alle smittevernreglar.

Sjå siste oppdatering om situasjonen frå kommunen (ekstern lenke)

Har spreia seg til Herøy
Torsdag blei det også meldt om eit smittetilfelle i Herøy, som har samanheng med utbrotet i Sande. I ei melding opplyser kommuneoverlegen at situasjonen er under kontroll.

– Smittesporing er gjennomført, og situasjonen avklara, heite det i ei melding torsdag ettermiddag.

Det var frykt for at tilfelle kunne vere starten på eit utbrot i nabokommunen.

Publisert: 08.10.2021 09:18

Sist oppdatert: 08.10.2021 13:27

Mer om