Kort fortalt

Fleire Tine-anlegg blir lagde ned

Kuttar 100 årsverk.

19.10.2023

(.NPK-NTB): Tine kuttar 100 årsverk og legger ned meierianlegga på Sem i Tønsberg og i Kristiansand, har konsernstyret vedteke.

Samtidig blir det gjort produksjonsendringar ved anlegga på Frya i Ringebu, på Sola og i Lom og Skjåk, melder NRK.

Tine grunngir endringane med at dei vil sikre konkurransekraft og rigge selskapet for framtida.

– I dag har vi teke ei vanskeleg avgjerd. Det råkar mange tilsette, seier styreleiar Marit Haugen til kanalen.

Endringane

Desse endringane vedtok Tine-styret då dei møttest denne veka:

  • Meierianlegget på Sem i Tønsberg blir lagt ned i løpet av 2025.
  • Meierianlegget i Kristiansand blir lagt ned i løpet av 2025.
  • Mjølke- og fløytetappinga ved anlegget på Sola og på Frya stansar i løpet av høvesvis 2024 og 2025.
  • På Sola blir lager behalde, medan dette blir lagt ned på Frya.
  • Frya skal framleis vere eit satsingsanlegg for yoghurt, crème fraîche og cottage cheese (der marknadsutviklinga er positiv).
  • Drifta i Lom og Skjåk blir vidareført, men i eit mindre omfang.
  • Lom og Skjåk skal satse på eit eige konsept basert på den grytekokte, tradisjonsrike originale oppskrifta på gudbrandsdalsost.
  • Delar av produksjonen i Lom og Skjåk skal gradvis flyttast over til Byrkjelo eller Storsteinnes.

Desse endringane inneber ei nedbemanning på rundt 100 årsverk totalt sett i Tine.

Det vart også vedteke at produksjonen av gudbrandsdalsosten (G35) held fram ved fabrikkane i Lom og Skjåk, som er dei siste fabrikkane i Gudbrandsdalen som produserer osten.

Mesteparten av produksjonen av osten går allereie føre seg utanfor dalen.

I september sende ordførarane i kommunane i dalen eit brev der dei oppmoda Tine til å bevare produksjonen i Gudbrandsdalen.

Publisert: 19.10.2023 11:42

Sist oppdatert: 19.10.2023 11:42

Mer om