(NPK): Enno er det naturen dei fleste tyske turistar kjem til Noreg for å oppleve, men stadig fleire er også interesserte i å få med seg kulturopplevingar, ifølgje ein rapport frå Innovasjon Noreg.
Den nye rapporten baserer seg på tal frå sommarsesongen 2014 og viser at naturopplevingar er viktig for tyske turistar som kjem til Noreg, der lange gåturar, sightseeing og saltvassfiske er mellom dei føretrekte aktivitetane. Rundt 30 prosent planla òg ein aktiv ferie med aktivitetar som sykling og padling, fortel undersøkinga.
Men også dei som ønskjer seg kulturelle opplevingar er ei gruppe i vekst. I sommarsesongen i fjor gjekk 26 prosent av dei tyske turistane under nemninga «kulturturistar», heiter det frå Innovasjon Noreg. (©NPK)

Publisert: 29.09.2015 16:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50