Fleire unge jenter skal fiske i sommar
Stor interesse for undomsfiske.
På landsbasis er det rundt tre prosent kvinnelege fiskarar, men i ungdomsfisket i sommar er kjønnsbalansen ein annan.
Det er 466 personar som har registrert seg hos Fiskeridirektoratet og skal drive fiske i sommarferien. Av desse er 163 jenter, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.
– Vi jobbar strategisk for å auke kvinneandelen i fiskaryrket. Det er derfor ekstra gledeleg å sjå at det er så mange jenter som har meldt seg på ungdomsfisket denne sommaren, seier statssekretær i departementet, Kristina Sigurdsdottir Hansen.
Ordninga er for dei mellom 12 og 25 år og gjeld frå 13. juni til 19. august. Ho omfattar alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten. Kvar deltakar har moglegheit til å levere fisk for inntil 50.000 kroner.
– Ungdomsfiskeordninga er ein veg inn for mange unge som ønskjer å teste fiskaryrket. Målet er å gi dei erfaring som fiskarar slik at dei ser moglegheitene i fiskerinæringa, seier Hansen.
Publisert: 12.07.2022 16:01
Sist oppdatert: 12.07.2022 16:02