Kort fortalt

Fleire unge utan jobb og utdanning

Nav-sjefen uroa.

08.08.2024

NPK-NTB-Edvin Strømme: Andelen unge som verken står i jobb eller er i utdanning, aukar for første gong sidan Nav starta målingane sine. Det uroar Nav-direktøren.

– Det er noko vi og arbeidsgivarar i Noreg må jobbe hardt for å snu. Meir enn nokon gong treng vi arbeidskrafta dei unge kan tilby. Vi veit at det er mange i denne gruppa som både kan og vil jobbe, og vi må sørgje for at dei får moglegheita, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i ei pressemelding.

Utviklinga Holte snakkar om, er talet på unge mellom 20 og 29 år som verken er i jobb eller utdanning. Sidan 2017, då Nav starta å lage statistikken, har talet sokke, men i fjor snudde trenden for første gong. Nærare 4000 fleire i aldersgruppa stod utanfor ved utgangen av året.

Det gjer at totalt 111.000 personar i aldersgruppa er i utanforskap, tilsvarande 16 prosent av dei mellom 20 og 29 år.



Publisert: 08.08.2024 13:02

Sist oppdatert: 08.08.2024 13:02