(NPK): På fylkestinget i Sogn og Fjordane kjem både Venstre, Høgre, KrF og Ap til å stemme for Vestlandsregionen. Dermed er det fleirtal, ifølgje NRK.
Dei fire partia har til saman 17 representantar i fylkestinget, mot dei 12 i Senterpartiet, SV og Miljøpartiet Dei Grøne, som kjem til å gå imot ei samanslåing med Hordaland og Rogaland.
Dei 2 representantane i Framstegspartiet har ikkje bestemt seg, men utan at dei kan endre utfallet når saka kjem opp på fylkestingsmøtet i Leikanger tysdag.
– Eg veit framleis ikkje kvar Frp kjem til å stemme på tysdag. Frp har vedtatt at vi er mot ei regionreform. Skal vi stemme annleis enn programmet vårt, må vi ha godkjenning frå organisasjonen, seier Frps gruppeleiar i fylkestinget Frank Willy Djupvik til NRK.
Frå før ser det ut til at fleirtalet av dei fylkesfolkevalde i Rogaland kjem til å støtte Vestlandsregionen, sjølv om fylkesrådmannen der har tilrådd politikarane å seie nei. Også i Hordaland ligg det an til fleirtal for storregionen. (©NPK)

Publisert: 02.12.2016 10:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43