Kort fortalt

Fleirtal mot å forby bensin- og dieselbilar

Motstanden mot forbod aukar.

24.11.2023

NPK-NTB: Skepsisen aukar til Stortingets vedtekne mål om stans i salet av fossildrivne bilar frå 2025. No seier 71 prosent nei til eit forbod.

Det viser tal frå Norsk medborgarpanel , presentert av Bergens Tidende.

Undersøkinga viser at vi blir stadig meir negative til Stortingets vedtekne mål om å stoppe salet av nye diesel- og bensinbilar frå 2025. Og jo nærare sluttdato vi kjem, jo meir skeptiske blir vi.

For seks år sidan sa 57 prosent nei, no er andelen auka til 71 prosent.

Tala viser at kvinner er meir positive til utfasing enn menn, i tillegg er unge meir positive enn eldre. Stipendiat Ingrid Kvåle Faleide skriv i ein kommentar til avisa at nordmenn vik unna når tiltaka går på valfridommen laus.

– Motstanden mot utfasing av fossilbilar er nok til dels eit uttrykk for at folk ikkje støttar tiltak som betyr innskrenking av valfridommen.

Norsk medborgarpanel er ei forskningsdriven spørjeundersøking om nordmenns haldningar til viktige samfunnstema og blir driven av Universitetet i Bergen.

Publisert: 24.11.2023 08:32

Sist oppdatert: 24.11.2023 09:20