NPK: Bergen lufthamn Flesland vil gjerne bli pilot for testing og utvikling av elfly, fortel Bergens Tidende.
Avinor har eit ambisiøst mål om at all norsk innanriksluftfart skal vere elektrifisert innan 2040. Men allereie i 2025, trur Avinor dei første elektriske småflya kan bli sett inn i kommersiell trafikk på enkelte strekningar.
I Granavollen-erklæringa står tilrettelegging for elektriske fly øvst på lista over tiltak regjeringa vil satse på i norsk luftfart.
Lokalt har byrådsleiarkandidat i Bergen Harald Victor Hove (H) jobba for at kommunen skal bli testområde for elfly berekna på kortare distansar. Han meiner Flesland har ein unik posisjon med korte avstandar til omkringliggjande flyplassar på Vestlandet.
– Vi jobbar politisk for moglegheita til å etablere eit testområde utanfor Flesland. Ser ein dette i samanheng med flåtefornyinga som Widerøe legg opp til, er Vestlandet ideelt, seier Hove, til Bergens Tidende.
Tidlegare Stord-ordførar og medlem av energi- og miljøkomiteen, Liv Kari Eskeland (H), meiner det er naturleg at nokon får hovudansvaret når elflya etter kvart skal inn i den norske luftfarten.
– Det er då vi har peikt på Flesland som ein naturleg «hub». Vi har fjell og vêrforhold som gjer at ein får testa alle moglegheiter her, seier Eskeland.
– Får ein til ei form for satsing i Bergen, vil vi strekke oss langt for å bidra til den utviklinga. Det hadde vore veldig spennande for oss, seier fungerande lufthamndirektør Øystein Skaar ved Bergen lufthamn Flesland til avisa.

Publisert: 22.03.2019 11:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35