Kort fortalt

Flest menn blir arbeidslause

92 % av nye arbeidsledige er menn.

18.12.2015
(NPK-NTB): Det vart 25.000 fleire arbeidsledige frå tredje kvartal i fjor til tredje kvartal i år. 23.000 av dei, eller heile 92 prosent, er menn.
Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå, skriv Krisa i oljebransjen er i stor grad årsaka til at stadig fleire menn misser jobben.
– Det er der nedgangen har starta – og slått ut sterkast. Dette er ei næring som er dominert av menn, og dermed også ein av grunnane til at arbeidsløysa har vakse mykje meir blant menn enn blant kvinner, seier seksjonsleiar Helge Næsheim i Statistisk sentralbyrå.
Seniorforskar Knut Røed ved Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forsking ved Universitetet i Oslo trur at arbeidsløysa vil merkast dei fleste stadar i landet etter kvart.
– No er det framleis store regionale forskjellar, arbeidsløysa er låg og fallande i nokre fylke, mens ho er kraftig stigande i andre. Men dei fleste ventar at verknaden av reduserte oljeprisar vil slå inn på heile landet dersom ein ikkje får inn mottiltak. (©NPK)

Publisert: 18.12.2015 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49