(NPK-NTB): Éin av to nordmenn er nyhetssøkjarar medan éin av ti er nyhetsunnvikarar, viser ei medieundersøking. Det er flest nyhetsunnvikarar blant dei yngre, og særleg blant kvinner.
Nesten halvparten av befolkninga oppgjev å vera nyheitssøkjarar, med sterk interesse for å følgja med på harde nyheiter, viser ei undersøking av mediekonsumet til nordmenn.
– Dette er interessante funn, som stadfestar at nordmenn er opptekne av nyheiter. I eit demokratiperspektiv kan det likevel vera grunn til uro at ei gruppe som for ein stor del er sett saman av unge menneske, er lite opptekne av harde nyheiter, seier leiar for Mediemangfoldsutvalget Knut Olav Åmås.
Kvar tiande nordmann opplyser nemleg at dei er lite interesserte i harde nyheiter og kan dermed karakteriserast som nyheitsunnvikarar.
Der interessa for harde nyheiter er sterkare hos eldre, og i større grad menn, er delen nyheitsunnvikarar størst blant dei under 30 år, spesielt kvinner. (©NPK)

Publisert: 26.07.2016 15:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45