NPK-NTB: Ei ny undersøking viser at flyselskapa aukar prisane for flybillettar kraftig dagar før avgang.
har fått reisebyråkjeda GRAM Travel til å følgje med på utviklinga i prisane for flybillettar tur-retur til dei mest populære destinasjonane frå Gardermoen 25. oktober. Undersøkinga viser at billettprisane går rett til vêrs like før avgang.
For eksempel kosta ein økonomibillett frå Oslo til Bergen 1.408 kroner meir enn 20 dagar før reisa. Då prisen igjen blei sjekka 0–3 dagar før utreise, hadde prisen stige 149 prosent, til 3.460 kroner. Økonomibilletten som hadde lågast prisauke, var reisa frå Oslo til Paris, som auka 50 prosent då reisa nærma seg.
Derimot var det denne sistnemnde reisa som hadde størst prisauke blant dei fleksible businessbillettane. Der auka prisen 82 prosent 0–3 dagar før utreise, frå 4.029 kroner, til 7.338 kroner. Lågast auke var det på strekninga Oslo – Tromsø, der auken var på 33 prosent.
Informasjonssjef Knut Morten Johansen hos SAS fortel at dei skrur opp prisane før avgang for å få folk til å vere tidleg ute med å kjøpe billettar.
– Om vi konsekvent selde dei siste seta billig like før avgang, vil jo ingen kjøpe dei litt dyrare billettane, seier Johansen.

Publisert: 08.11.2017 09:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41