(NPK): Distrikta bør sleppe flyseteavgifta, medan hyggjeturar til utlandet bør skattast hardare, meiner forskar Cato Aall ved Vestlandsforsking.
Flyseteavgifta stortingsfleirtalet vil ha, inneber ei avgift på 80 kroner på alle flybillettar. Forskar Cato Aall trur klimaeffekten av tiltaket blir minimal. Ifølgje meiner Aall det heller burde vore satsa på høgare skatt på «unødvendige langturar», samtidig som ein skulle unngått avgifta på korte innanlandsreiser.
– Det er eit misforhold, viss dei som reiser med dei minst forureinande flya, fulle propellfly til Oslo, skal betale det same som dei som reiser med langdistanse jetfly til utlandet, som beviseleg forureinar meir, seier forskaren til NRK.no.
– Vi betaler vår del, medan folk som bur i Oslo eller nær Moss, kan reise for ein hundrings tur-retur, seier Aall.
For flyruter på kortbanenettet, som staten har kjøpt på anbod, gjeld ikkje flyseteavgifta. (©NPK)

Publisert: 15.12.2015 09:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49