Kort fortalt

Flyttar Jarlsberg-ost til Irland

Q-mjølk varslar ti prosent overproduksjon av mjølk.

18.12.2017
NPK-NTB: Når Jarlsberg skal lagast i Irland, sit norske mjølkebønder igjen med 100 millionar liter ekstra mjølk. Mjølkeoverskotet kan bli endå større, varslar Q-mjølk.
Etter at det vart klart at eksportstøtta for Jarlsberg-ost forsvinn, bestemte Tine seg for å flytte produksjonen av ost for eksport til Irland. I tillegg er det heimlege konsumet av ost og yoghurt på veg ned for første gong på mange år. Det får Q-mjølk til å rope varsku, skriv Nationen.
Berekningar selskapet har gjort viser at bøndene innan få år kan sitte igjen med 150 millionar liter mjølk for mykje, omtrent ti prosent av den samla produksjonen.
– Vi står overfor eit alvorleg problem når eksportproduksjonen blir flytta, seier Q-mjølk-sjef Bent Myrdahl.

Publisert: 18.12.2017 08:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40