(NPK-NTB): Utanlandske arbeidstakarar som ikkje snakkar norsk, er ei utsett gruppe for skadar på arbeidsplassen. Av dei som omkom på jobb i 2014, var 30 prosent utanlandske arbeidstakarar.
På Kartellkonferansen på Gol lanserte Arbeidarpartiet ein strategi med mål om at ingen blir alvorleg skadde eller døyr på jobb. I spissen for tiltaket står Fredric Holen Bjørdal (Ap), som sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, skriv .
Ap vil blant anna stille krav om tilstrekkeleg språkopplæring for å forstå arbeidskultur og regelverk. Partiet ønskjer også å styrkje Arbeidstilsynet med fleire umelde tilsyn og opprette ein tips- og varslingstelefon der folk kan melde frå når dei ser noko.
Kvart år får Arbeidstilsynet inn over 2.000 meldingar om arbeidsulukker og -skadar.
– Du får ei kjensle av at arbeidsfolk blir brukte og kasta, seier Bjørdal. I fjor var han med Fellesforbundets regionale verneombod for å besøkje arbeidsplassar. Han fortel om folk som stod på tak utan sikring, mangel på førstehjelpsutstyr og mangel på kommunikasjon fordi folk ikkje snakka norsk eller engelsk. (©NPK)

Publisert: 18.11.2015 08:19
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50