(NPK-NTB) Ved årsskiftet vil Noreg ha 5.257.000 innbyggjarar. Folketilveksten i år er rekna ut til 43.000, som utgjer 0,83 prosent. Det er eit historisk høgt tal, men likevel den lågaste veksten sidan 2006.
Nettoinnvandringa vil utgjere 60 prosent av folketalsveksten i år, medan 40 prosent er fødselsoverskot, melder .
Nedgangen i folketalsveksten kjem ifølgje SSB av at fleire arbeidsinnvandrarar frå europeiske land reiser heim.
Fødselsoverskotet i år er rekna ut til 17.600, medan nettoinnvandringa er venta å bli om lag 25.800, som er 4.000 færre enn i fjor.
Det er Akershus, Sør-Trøndelag og Oslo som har den største veksten. Akershus veks med 1,6 prosent, medan Sør-Trøndelag og Oslo veks med 1,3 prosent. Ved årsskiftet vil det vere 667.000 innbyggjarar i Oslo.
Trondheim, som veks 1,7 prosent i år, vil ved årsskiftet ha 190.000 innbyggjarar. Bergen veks berre med 0,3 prosent og har ved årsskiftet 278.000 innbyggjarar, viser utrekningane til SSB.

Publisert: 15.12.2016 11:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43