Kort fortalt

For store utslepp i vestlandsbedrifter

Kuttar for lite.

NPK
18.11.2022

(0NPK): Ein ny rapport viser at dei største bedriftene frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord har for store utslepp.

Ifølgje den nye rapporten til konsulentselskapet PwC er det berre tre av dei største 50 bedriftene på Vestlandet som kuttar utsleppa i tråd med Parisavtalen, skriv Bergens Tidende.

Berre to av fem bedrifter oppfyller minstekravet til eigne klimarekneskap.

Til forskjell frå i fjor, oppfyller no Lerøy Seafood Group, Mowi og Skretting måla i Parisavtalen, og blir dermed utpeikte til klimavinnarar av leiar for strategi og berekraft i PwC Bergen, John Wikström.

– Fleire selskap kuttar utslepp, men omstillinga går altfor sakte, seier han i ei pressemelding.

Wikström meiner at om ein ønskjer å oppnå måla i Parisavtalen, må bedriftene på Vestlandet bli eit lågutsleppssamfunn. Det inneber openheit rundt kva bedriftene har greidd å oppnå.

– God informasjon om klimapåverknaden frå selskapa er sentralt for å vurdera kven som bidreg til eit nullutsleppssamfunn. At berre 33 av dei 50 største selskapa på Vestlandet lagar klimarekneskap, viser at me ligg langt frå den ønskte situasjonen, seier Per Arvid Gimre i PwC Stavanger i same pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 18.11.2022 14:27

Sist oppdatert: 18.11.2022 14:32

Mer om