Hanne holmen austnes pwc foto marius 11
HASTVERK: Hanne Holmen Austnes frå PwC Consulting viste korleis dei største selskapa i Vestlands-fylka ligg an i arbeidet med bærekraft under frokostseminar i Ålesund tysdag. Resultata viser at bedriftene har lita tid til å nå klimamåla sett av styresmaktene. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Heng etter på bærekraft

Berre ein av tre spurte bedrifter på Nordvestlandet hadde klimaplan.

Marius Rosbach
08.03.2022

Ein årleg undersøking frå konsulentselskapet PwC viser korleis dei 50 største selskapa på Vestlandet ligg an i arbeidet med bærekraft. Det kom fram under Danske Bank sitt frokostseminar i Ålesund tysdag.

Hanne Holmen Austnes frå PwC Consulting presenterte tala frå «Bærekraft 50»-analysen og funn frå ei spørreundersøking mellom bedrifter på Nordvestlandet.

Resultata viser at dei 50 største bedriftene på Vestlandet har kome kortare enn dei 100 største selskapa i landet. Blant bedriftene på Nordvestlandet som har svart på spørjeundersøkinga, oppgir nær 60 prosent at dei ikkje rapporterar spesielt på bærekraft.

– Både undersøkingane og våre erfaringar er at mange har ein veg å gå. Samtidig opplever vi at stadig fleire bedrifter ønskjer å ta tak i eige bærekraftsarbeid, seier Austnes til NETT NO.

Mange manglar konkret strategi
Austnes fortalde at undersøkinga ser på ulike modenheitsnivå i bærekraftarbeidet.

Øvst ligg bedrifter som har ein tydeleg og langsiktig strategi. Berre 32 prosent av dei 50 største bedriftene på Vestlandet var i den kategorien i 2020.

58 prosent av bedriftene låg på nivået under, og hadde sett seg talfesta mål. 70 prosent hadde talfesta resultat om kvar dei står i dag. 82 prosent av dei største bedriftene var på det lågaste nivået og hadde ambisjonar på bærekraft.

Utviklinga går samtidig raskt og tala viser tydeleg endring år for år.

Berre ein av tre med klimaplan
Spørjeundersøkinga PWC har gjennomført hos bedrifter på Nordvestlandet viser at kring ein av tre - eller 35 prosent - av respondentane hadde ein klimastrategi.

Austnes påpeika at bærekraft dreiar seg om langt meir enn berre klimautslepp. Både likestilling, økonomisk utvikling og samarbeid er blant FNs bærekraftsmål.

– Mange gjer difor kanskje meir enn ein trur, la Austnes til.

Meir enn halvparten av bedriftene som svara på undersøkinga, meinte også at ei satsing på bærekraft ikkje ga dei eit såkalt komparativt fortrinn.
Manglande etterspurnad frå kundar og kompetanse i bedrifta, saman med tid og ressursar,er nokre av årsakene, ifølge bedriftene.

Halvparten har analysert situasjonen
Ei av dei store utfordringane for mange bedrifter, er å vite kor ein skal begynne. Ein start kan vere å gjere ein såkalla vesentligheitsanalyse.

48 prosent av dei 50 største selskapa på Nordvestlandet har gjort ei slik analyse, som dreiar seg om å prioritere sentrale tema på bærekraft og finne moglegheiter på området.

– Ei vesentligheitsvurdering er ein god plass å starte, og eit godt grunnlag for riktig fokus i bærekraftsarbeidet, avsluttar Austnes.

Podium

E15/S2 Bærekraft i næringslivet

Publisert: 08.03.2022 14:39

Sist oppdatert: 08.03.2022 22:12

Mer om