Pwc sara skeide saunes silje guddal skaparhuset foto marius 11
MED FOR FØRSTE GONG: Sara Skeide Saunes og Silje Guddal frå PWC presenterte den årlege løypemeldinga om korleis det står til med berekraftarbeidet i næringslivet. For første gong er også Ulstein inkludert i undersøkinga. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Stor auke i bedrifter som tek tak i berekraft

Nordvestlandet heng framleis etter resten av landet. Men noko er i ferd med å skje, viser PWC-undersøking.

Marius Rosbach
01.11.2022

Konsulentselskapet PWC har i fleire år undersøkt korleis bedrifter i ulike delar av landet jobbar med berekraft. Tysdag presenterte Sara Skeide Saunes og Silje Guddal frå PWC resultata frå årets undersøking ved Skaparhuset i Ulsteinvik.

Kort fortalt viser den at Nordvestlandet framleis heng etter resten av landet på området – men at det verker vere ei oppvakning hos bedriftene i regionen.

– Vi ser ei heilt anna bevisstgjering i bedriftene i regionen enn vi har sett tidligegare, sjølv om vi framleis har ein veg å gå, fortalde Sara Skeide Saunes til tilhøyrarane under frokostmøtet.

Fleire har starta undersøkingar
Årsaka til at ein ser at noko er i ferd med å skje, er ei solid auke i talet på bedrifter på Nordvestlandet som har utført sokalla vesentlegheitsanalyser om verksemda.

Medan 31 prosent hadde gjort ei slik undersøking i 2021, gjorde svarprosenten eit hopp til 48 prosent i år.

– Her har regionen lov å klappe seg litt på skuldra, for her er vi vesentleg lengre framme enn landssnittet, la Saunes til.

Ei slik analyse skal kartlegge og prioritere kva for berekraftstema som er vesentleg for bedrfta. Her skal ein mellom anna undersøke korleis sjølve verksemda påverkar omverda og kva som berører bedrifta finansielt.

Seks av ti rapporterer ikkje på berekraft
Likevel er det færre bedrifter i regionen som jobbar aktivt med berekraft, enn resten av landet.

Nær 60 prosent av dei som deltok frå Nordvestlandet svarar, at dei ikkje rapporterer på berekraft.

Det er ein del dårlegare enn landsgjennomsnittet der berre knapt halvparten seier det same. Nivået er på same nivå som då PwC spurde større selskap i regionen i ei undersøking i fjor.

Kring 600 bedrifter frå heile landet deltek i årets PWC-undersøking, og rundt 110 av desse er frå Nordvestlandet.

Det inkluderer Ålesund, Vestnes, Kristiansund og Nordmøre, saman med Sogn og Fjordane. For første gong er også Ulstein inkludert i undersøkinga.

Berre ein av fem har tallsett kutt
Når det kjem til konkrete utsleppskutt viser ein rekke undersøkingar at verdssamfunnet heng etter måla som er sett i internasjonale avtaler.

– Vi er ikkje i nærleiken av å nå 2,5 gradersmålet, og berre 10 av dei 100 største bedriftene i Norge kuttar utsleppa i tråd med Paris-avtalen, påpeika Silje Guddal frå Stryn-kontoret til PWC.

PwC-undersøkinga stadfestar at det er eit godt stykke arbeid som står att. Sjølv om nær halvparten av bedriftene i Møre og Romsdal svarte at dei jobba aktivt med å kutte utslepp, hadde berre 21 prosent talsett slike mål.

Guddal oppmoda bedrifter som ikkje hadde kome i gong, om å starte med ei vesentlegheitsanalyse. Det gir oversikt. I tillegg kan ein til eksempel peike ut eitt område der bedrifta meiner ein kan gjere ein skilnad.

Podium

E15/S2 Bærekraft i næringslivet

Publisert: 01.11.2022 10:59

Sist oppdatert: 07.02.2024 10:04

Mer om