(NPK-NTB): Forbrukarrådet meiner 180.000 DNB-kundar har betalt for ei teneste dei ikkje har fått og vil gå til gruppesøksmål for kundane.
Oslo tingrett skal no vurdere om kriteria for gruppesøksmål er oppfylte.
– Vinn vi saka i Oslo tingrett, blir det enklare for forbrukarane å nå fram, sidan kvar enkelt kunde ikkje treng å reise eiga sak mot DNB, seier direktør Randi Flesland i ei .
Saka går 15. og 16. desember, og ei avgjerd er venta over nyttår.
For at ei sak skal kunne førast som gruppesøksmål må den oppfylle bestemte kriterium. Gruppesøksmål kan godkjennast som søksmålsform dersom fleire har tilnærma like krav på likt grunnlag mot same motpart.
– Vi meiner saka er som skreddarsydd for gruppesøksmål. Alle kundar har kjøpt det same produktet og betalt den same gebyrsatsen for fondet. Kravet frå kundane kan derfor lett slåast saman til eitt, seier direktør Randi Flesland.
DNB seier at søksmålet ikkje kan godkjennast som gruppesøksmål, ettersom kundane er forskjellige og sakene derfor ikkje er like. (©NPK)

Publisert: 13.12.2016 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43