(NPK): Båthotell er ei av løysingane som kan bli vurdert i Selje neste år etter at Selje Hotel i Sogn og Fjordane brann ned.
– Det har kome inn mange kreative forslag til korleis vi kan dekkja opp for hotellbehovet i 2017. Eitt av dei er eit båthotell, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i Selje til
Det var i slutten av november at Selje Hotel blei totalskadd i brann. Ordføraren trur hotellet kjem til å bli bygd opp att, men seier dette må skje i privat regi.
No meiner han det er viktig å finna ut kva ein skal gjera i mellomtida.
– Nokon må ta ansvar for å arbeida med dette, og eg håpar kommunen kan spela ei rolle i den komande fasen med å få noko til å skje, seier ordføraren.
Han seier hotellbrannen er eit tap for turismesatsinga i heile Nordfjord og at også mange andre ordførarar ønskjer at hotellet skal byggjast opp att. (©NPK)

Publisert: 07.12.2016 10:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43