Kort fortalt

Forlik i strid med entreprenør

Slepp sju veker i retten.

Marius Rosbach
15.12.2023

Ørsta kommune og Romarheim Entreprenør har inngått forlik i tvistesaka om Melsgjerdet næringsområde.

Det kjem fram i ei pressemelding frå Ørsta kommune.

Striden dreia seg om storleiken på sluttoppgjeret etter ei grunnentreprisekontrakt, og inneberer at kommunen betalar 24,75 millionar kroner ekstra, utan moms, i tillegg til det som er betalt allereie.

Kommunen har med dermed betalt om lag kr 66,5 millionar av eit samla krav frå entreprenørselskapet på om lag 130 millionar. Begge summane er utan moms.

Gjennom dette er alle omtvista krav i saka løyst. Det vert dermed ikkje hovudforhandling i Møre og Romsdal tingrett, som var tidsett til sju veker i januar og februar 2024, heitet det i meldinga frå kommunen.

Publisert: 15.12.2023 11:02

Sist oppdatert: 15.12.2023 11:02

Mer om