Dei to siste åra har vore ein nedtur for artisten Sigrid Solbakk Raabe - om ein ser isolert på rekneskapen til selskapet hennar Sala Music.
Omsetninga i 2024 gjekk vidare ned frå rekordåret 2022, og enda på drygt ti millionar kroner. Også overskotet vart langt lågare enn dei tidlegare åra, med eit resultat før skatt på knappe 1,7 millionar (sjå tabell under).
| Sala Music AS | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 10,1 | 26 |
| Driftsresultat | 0,3 | 4 |
| Resultat før skatt | 1,7 | 5,4 |
Færre konsertar ga mindre inntekter
Det er likevel lite som tydar på at karrieren til ein av Norges mest suksessrike artistar dei siste åra, er i ferd med å stagnere.
– I 2024 spilte hun lite konsertar, og det var eit år der ho i all hovudsak fokuserte på å skrive ny musikk. Då blir naturleg nok inntektene og resultatet deretter, fortel styreleiar og pappa, Håkon Raabe, til Nett No.
28-åringen kunne likevel sette av meir enn 1,2 millionar kroner til eigenkapitalen i Sala Music, som ved utgangen av fjoråret var oppe i nær 13,8 millionar kroner. Selskapet har ikkje langsiktig gjeld.
Kjem med ny musikk
Sala Music har likevel vore eit økonomisk eventyr sidan starten i 2017.
– Om ein ser omsetninga over dei siste dem-seks-sju åra, har det vore ein berg- og dalbane. Tala er typisk prega av mykje konsertaktivitet i etterkant av albumslepp, som gir høgare inntekter og overskot, fortel Raabe.
Det førre albumet til Sigrid kom i 2022. Snart kjem resultatet av det kreative fjoråret på all verdas strøymetenester og fysiske format.
– Det kjem ny musikk, fortel Raabe.
Har omsett for 150 millionar sidan starten
Sidan 2017 har Sala Music omsett for 150 millionar kroner. Det samla overskotet før skatt i dei sama åra, var kome opp i nær 37 millionar kroner ved utløpet av 2024.
Selskapet med Sigrid sjølv som dagleg leiar, og pappa Håkon som styreleiar, har adresse i Ålesund.
Denne sommaren er meir hektisk enn fjorårets for artisten, som spelar ein rekke konsertar i Norge og Europa. Der kan ein også høyre fleire av dei nye låtene hennar.
Dei fleste oppdraga framover er festivaljobbar - og Raumarock 31. juli er mellom plassane står på konsertplanen.
Publisert: 01.07.2025 12:18
Sist oppdatert: 01.07.2025 12:18






