Saksbehandlinga og kva som er gitt av offentleg informasjon, har kome i fokus i krillstriden mellom Aker og Stig Remøy-selskapet Rimfrost.
Fiskeridirektoratet ga i februar ervervsløyve og løyve for krillfiske til Aker-selskapet Aker Biomarine Antarctic, til det som er omtala som eit «spesifisert nybygg».
Problemet er at dette vedtaket ikkje har vore tilgjengeleg i dei offentlege postlistene frå direktoratet i portalen Einnsyn.
Årsaka viser seg å vere ein feil som oppstod etter at direktoratet i vinter hamna på etterskot med offentleggjering av journalen, som følgje av omlegging til nytt system.
Det får Nett No opplyst av seksjonssjef Asbjørn Markhus i Fiskeridirektoratet.
Feilen retta opp før helga
Feilen blei oppdaga etter spørsmål frå Nett No om kva dato vedtaket om ervervsløyve blei journalført.
Då direktoratet fredag skulle hente opp publiseringsdatoen for vedtaket i samband med spørsmålet, vart det oppdaga at dette og eit anna dokument i saka, ikkje var blitt med i overføringa til Einnsyn-portalen.
«Vi beklager dette og takker for at dine spørsmål gjorde oss oppmerksom på feilen», skriv Markhus i ein e-post til Nett No.
Det aktuelle dokumentet vart journalført av direktoratet 3. mars. Men grunna feilen i overføringa til Einnsyn-portalen vart ikkje det tilgjengeleg her – før feilen vart oppdaga før helga.

Kritisk til at dokument vart hemmeleghaldt
Saka har vorte utgangspunkt for ein rekke spørsmål til fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) i Stortinget.
Statsråden har nyleg fått spørsmål om korleis Aker Qrill Company – som Aker-selskapet no heiter - kjøpte det nesten ferdige krillfiskefartøyet som opphavleg vart bestilt av Rimfrost i Ålesund.
Bengt Rune Strifeldt ((Frp) stilte nyleg spørsmål til statsråden om saka, og ville vite om ervervsløyvet gjaldt den nesten ferdige krilltrålaren som Rimfrost bestilte.
Han viste til at Næss hadde opplyst at Fiskeridirektoratet hadde gitt eit slikt løyve.
«Dette er i seg selv oppsiktsvekkende informasjon, all den tid det ikke finnes offentlig tilgjengelig dokumentasjon fra direktoratet om at løyvet faktisk er gitt, utover det skriftlige svaret fra statsråden. Det er uheldig og ikke i tråd med god forvaltningsskikk at slike prosesser skjer i hemmelighet og heller ikke kommuniseres når vedtak er fattet», skreiv Strifeldt i grunngjevinga for sitt spørsmål
I svaret frå statsråden som blei offentleg måndag, viste Næss til at vedtaket var offentleg - og at det var gitt innsyn til dei som hadde spurt om det. Feilen i overføringa frå Fiskeridirektoratet vart ikkje nemnt.
Skal svare til tidlegare planar for nybygg
I ervervsløyvet blir det mellom anna vist til kva vilkår som gjeld for at skipet kan førast inn i fartøyregisteret til direktoratet.
Det blir også opplyst at det omsøkte nybygget i stor grad vil svare til eit fartøy, som Aker-selskapet tidlegare hadde planar om å bygge.
Det høyrer med til historia at nærings- og fiskeridepartementet den 20. januar opplyste i eit svar til Aker at behandlinga av søknaden om ervervsløyve var sett på vent inntil vidare.
Dette dokumentet vart ikkje synleg i Einnsyn-portalen før ein månad seinare den 19. februar, grunna feilen i overføringa frå direktoratet.
Klinge kritisk til informasjonen til Stortinget
Jenny Klinge (Sp) tok opp saksbehandlinga i eit spørsmål til fiskeri- og havministeren i Stortinget.
Ho var kritisk til at det verka som at departementet hadde gjort ei politisk vurdering allereie i vinter, utan at det er blitt opplyst til Stortinget – trass ei rekke spørsmål om saka frå fleire stortingspolitikarar.
Klinge ville óg vite korleis det hadde seg at departementet i januar sette saka på vent – men at direktoratet likevel gav løyve så seint som i februar.
I svaret frå Næss – som i stor grad er same svar som Strifeldt¨fekk - opplyser statsråden at dei er kjent med striden mellom Rimfrost og Aker-selskapet knytt til fartøyet – men at departementet likevel ikkje hadde innvendingar til at Fiskeridirektoratet handterte søknaden på vanleg måte.
Langvarig strid mellom Aker og Rimfrost
Aker og Stig Remøy-dominerte Rimfrost har i ei årrekke vore i konflikt om krillfiske i Antarktis. Det siste åra har konflikten blussa opp etter at Rimfrost fekk kansellert bygginga av eit skip ved Tersan-verftet i Tyrkia.
Kring årsskiftet blei det kjent at Aker Qrill Company hadde inngått ein avtale med verftet om å overta skroget og ville bygge det om.
Ervervsløyvet som til no ikkje har vore offentleg kjent, gjeld dette skipet.
Allereie i fjor stilte Fiskebåt spørsmål ved om Aker Biomarine sitt sal av deler av verksemda til det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, i realiteten var eit overføring av kontrollen over norske fiskerirettar til krillfiske rundt Antarktis til eit utanlandsk selskap.
Den sida av saka har fiskeri- og havministeren hatt til vurdering sidan.
Publisert: 01.07.2025 08:39
Sist oppdatert: 02.07.2025 17:54






