PSG Apollo Sanco Sailor foto Sanco Shipping
SKAL BYGGAST OM: Det 2010-bygde skipet PGS Apollo er det nyaste tilskotet til Sanco Shipping-flåten. No skal det byggast om ved eit verft i regionen. Foto: PGS
Nytt

Sanco-reiarlaget utvidar flåten

Har kjøpt PGS-skip som skal byggast om ved eit verft i regionen.

Marius Rosbach
01.07.2025

Sanco Shipping har kjøpt det 15 år gamle skipet PGS Apollo. No er planen å bygge om skipet til å bli verdas mest effektive «skytebåt» for nodeseismikk. 

Det fortel Rudy Amundsen som tidlegare i år overtok som dagleg leiar i Gjerdsvika-reiarlaget i Sande, til Nett No.

– Det er ein båt som er veldig godt vedlikehalde, og er ein litt større enn båtane vi har i dag, fortel han. 

Han fortel at partane er samde om å ikkje opplyse prislappen. 

– Men inklusive alle oppgraderingar som skal gjerast, er det vesentleg lågare enn prisen på ein ny båt, som i dag ville kosta kring milliarden, seier Amundsen.

Sanco Shipping Rudy amundsen foto sanco shipping
NY REIARSJEF: Rudy Amundsen er no dagleg leiar i Sanco Shipping, medan gründer Ivar Slettevoll er styreleiar. Foto: Sanco Shipping

Planlegg ombygging ved verft på Nordvestlandet
Reiarlaget sitt nye fartøy kjem til si nye heimehamn kring månadsskiftet. 

Skipet er knappe 107 meter langt og drygt 19 meter breitt. Amundsen fortel at dei no jobbar med å finne eit verft som kan bygge om båten i siste halvår av 2025. 

Å søke seg til utlandet for å utføre jobben, er ikkje aktuelt.

– Båten skal byggast om ved eit verft her i Møre og Romsdal, legg han til. 

Amundsen fortel at alle dei viktigaste delane av seismikkutstyret om bord, vil bli skifta ut. Då vil den gå frå å vere eit sokalla streamerfartøy, til å bli ein rein «skytebåt». 

Vi har vore meir eller mindre utselt dei siste to åra
Ryd Amundsen

Satsar mot større båtar
Sanco-reiarlaget hadde eit nytt rekordår i fjor med ei omsetning på 915 millionar. Den høge aktiviteten ligg bak ønske om å utvide flåten.

– Vi har vore meir eller mindre utselt dei siste to åra, og opplever at vi er den føretrekte leverandøren av skytetenester i seismikk, seier Amundsen. 

– Det er også eit ledd i ein strategi der vi har redusert talet på mindre støttefartøy i flåten, og gradvis flyttar fokus over til større båtar, legg han til. 

Det nye skipet vil få namnet Sanco Sailor og blir det sjuande fartøyet i flåten. Samtidig har dei eit fartøy i flåten som nærmar seg 40 år – og truleg går ut av porteføljen når det er tid for ny klassing om eir par år.

Gründeren tilbake ved roret
Nyleg blei det kjent at Sanco-gründer Ivar Slettevoll igjen har sikra seg kontroll over reiarlaget. 

Han er no styreleiar og fekk kontroll med over halvparten av aksjane i reiarlaget, etter å ha kjøpt aksjane til selskap eigd av Ove Godø, Olav Godø, Sindre Røren, Oddmund Holm og familiemedlemar i Ålesund og på Godøya. I tillegg sikra han seg aksjane i eit selskap eigd av investoren Gert Steine på Lillehammer.

– Å sikre at selskapet skal fortsette i Gjerdsvika, og at selskapet skal utvikle seg vidare og vere ein trygg og god arbeidsplass, sa Slettevoll til Nett No om motivet for «comebacket». 

På hovudkontoret i Gjerdsvika er dei i dag 15 tilsette, og 320 personar har arbeidsplassen sin på skipa.

Publisert: 01.07.2025 14:10

Sist oppdatert: 01.07.2025 14:10

Mer om