Kort fortalt

Forseinka frå Brødrene Aa

Den ny turistbåten på Nærøyfjorden forseinka.

22.06.2016
(NPK): Båten «Visjon of The Fjords» skulla ha vore i rute på Nærøyfjorden frå 21. juni, men no er det høgst uvisst når den hypermoderne båten blir levert.
– Verftet er ikkje ferdig med alle testar som må til før båten kan leverast, seier Rolf A. Sandvik i Flåm AS til Sogn Avis.
Fartøyet, som skal gå i rute Flåm– Gudvangen, er det første i sitt slag i verda. Det er såleis ei teknologisk nyvinning og eit pilotprosjekt med kombinasjonen hybrid framdrift og eit skrog av karbon. Testing og godkjenning av desse nye løysingane som er valt på dette fartøyet, tek lengre tid enn ein hadde rekna med.
– Det er ein særs fortvila situasjon for oss, og ikkje minst for kundane våre, seier Sandvik. Han opplyser til avisa at dei ikkje har fått nokon ny dato for når Brødrene Aa kan levera fartøyet.
Flåm AS har avtale med to båtar som går i rute fram til det nye fartøyet kjem på plass. (©NPK)

Publisert: 22.06.2016 14:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45