(NPK-NTB): Mange nordmenn set pris på ein skjermande tujahekk så dei får vere i fred. Det gjer innbrotstjuvane også, ifølgje forsikringsselskapet If.
Ein tett tujahekk skil ikkje mellom privatlivets fred og lyssky aktivitetar og gir bebuarar og tjuvar like godt vern mot innsyn, skriv .
– Det er to ting som stressar tjuvane: Faren for å bli sett og kor kort tid dei har på seg etter at alarmen er blitt løyst ut, seier Sigmund Clementz i If Skadeforsikring.
Selskapet har analysert skademeldingar etter fleire tusen innbrot dei siste åra og meiner tjuvane vel hus med høge hekkar. Eitt av "fortrinna" til tujaen er at han er grøn året rundt.
Analysen viser også at inngangsdøra er meir populær enn kjellarvindauga, mens politiet påpeiker at mange med uærlege hensikter vel stige opp til balkongar og vindauge.
– Mange bryt seg inn i andre etasje ved å bruke stige. Det er veldig mange huseigarar som har alarm i første etasje, men ikkje i andre, fortel politioverbetjent Stig Vasbø ved Majorstuen politistasjon i Oslo.
Clementz seier ein del vinningskriminelle spanar på førehand, utvekslar informasjon og brukar karttenester på nett til å orientere seg før dei slår til.
(©NPK)

Publisert: 21.12.2016 08:12
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43