NPK: Den siste månaden har tre spermkvalar blitt skylte i land på eit lite område på Andøya i Nordland. Ein forskar er bekymra for det som skjer.
– Det er ganske uvanleg og overraskande at tre eksemplar av same art har stranda på så kort tid. Det kan vere eit samantreff, eller så ligg det noko meir bak, seier kvalforskar Eve Jourdain, grunnleggjar av den ideelle organisasjonen Norwegian Orca Survey, til
Organisasjonen har i fleire år studert spekkhoggarar utanfor Vesterålen. Jourdain har no undersøkt dei tre døde spermkvalane.
– Vi tar mål av lengda og kroppsdelane på dyra. I tillegg tar vi ulike prøver som blir sendt til analyse ved Universitetet i Oslo. Førebels kan vi ikkje seie kva som er grunnen til at kvalane døydde, seier ho.

Publisert: 22.04.2020 11:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28