Forskar: – Framtida for laksen er særs mørk
Meiner 2024 ikkje var unntaksår for bestandane.
(NPK-NTB): 21. juni i år stengde Miljødirektoratet 30 elvar for laksefiske på grunn av for låg bestand. Seniorforskar Tor Næsje trur ikkje det blir betre framover.
Innsiget av villaks i norske elvar ser ut til å nå ei ny botnnotering, skriv Dagens Næringsliv.
Blant elvane som vart stengde i juni, var Orkla og Gaula i Trøndelag, som er to av dei største lakseelvane i Noreg. Sjølv om fleire elvar vart opna opp i løpet av sommaren, er desse to framleis stengde.
– Innsigtal nord for Trondheimsfjorden har vore normale sett i eit tiårsperspektiv, men i Trøndelag og nord på Vestlandet er det teikn til at det blir eitt av dei dårlegaste åra, seier seniorkonsulent Anders Lamberg i Skandinavisk Naturovervåking.
Seniorforskar Tor Næsje ved Norsk institutt for naturforsking seier utviklinga for bestandane mange stader har vore negativ dei siste åra.
– Så er det store spørsmålet om vi trur situasjonen vil bli betre. Då må eg dessverre svare at nei, eg trur det blir verre. Eg trur ikkje 2024 er eit unntaksår og at bestandane vil ta seg opp igjen, seier Næsje.
Han trur det beste ein kan håpe på, er at dagens bestand stabiliserer seg.
– Framtida for laksen er særs mørk, og det haustbare overskotet i dei fleste elvane kjem til å bli sterkt redusert. Det er naivt å tru at det blir betre slik at bestandane vil komme tilbake til dei nivåa vi hadde på 80- og 90-talet, seier han.
(©NTB)
Publisert: 23.08.2024 10:19
Sist oppdatert: 23.08.2024 10:19