Kort fortalt

Forskar på saftig fiskemat

Korleis kan fisk halde på meir væske?

09.10.2015
(NPK): Forskarar i Nofima skal saman med verksemdene Lofotprodukt, Fjordland og Fjordkjøkken undersøkje korleis fiskemat kan halde seg meir saftig, skriv IntraFish.
All fisk mister væske, både i produksjon og gjennom lagringstida. Som forbrukarar kan vi merke det ved at vi finn væske inne i pakningen, men fisken kan også ha mista væske allereie før han kjem inn i emballasjen.
– Væsketap frå produkt er ei kjent utfordring i bransjen, og påverkar ofte produktkvaliteten negativt. Det er også eit problem både ut frå eit miljø- og kostnadsperspektiv, seier utviklingssjefen i fiskematprodusenten Lofotprodukt, Christer Johansson, i ei pressemelding.
Lofotprodukt, Fjordland og Fjordkjøkken og Nofima har med midlar frå Regionalt forskningfond Nord-Noreg oppretta forskingsprosjektet «JucyFish». Dei skal dokumentere produksjonsprosessen og teste ut ulike tiltak.
– Vi skal undersøkje nøye kva som skjer med fisken frå han kjem inn til produksjon og til han ligg på tallerken heime hos folk. Vi vil avdekkje kor væsketapet skjer, og kvifor, slik at vi kan finne betre måtar å gjere det på, seier Nofima-forskar Line Bach Christenen, som er prosjektleiar.
Visjonen er at produkta ikkje skal miste væske verken i prosesseringa eller inne i emballasjen på veg til forbrukar.
Prosjektet skal gå over tre år. (©NPK)

Publisert: 09.10.2015 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50