Kort fortalt

- D-vitamin kan hjelpe mot korona

D-vitamin vernar mot luftvegsinfeksjonar, og kan òg hjelpe mot covid-19, konstaterer forskarar som har samanlikna fleire studiar på området.

31.03.2021

NPK-NTB-TT: Metastudien er den hittil største samanstillinga av studiar av luftvegsinfeksjonar og D-vitamin, fortel svenske TV 4. Forskarane har gått gjennom 43 studiar med til saman 49.000 deltakarar, i tillegg til å gjere eigne undersøkingar.

D-vitamin får du mellom anna frå feit fisk i kosten, og utviklar det i kroppen ved å vere ute i sola.

– Alt i alt ser vi ein verneeffekt på rundt 10 prosent, men ser ein på visse undergrupper, er vernet så stort som 40 prosent, seier lege og forskar Peter Bergman ved Karolinska Institutet til TV 4.

Det er ikkje studert om D-vitamin vernar mot covid-19 spesifikt. Tidlegare har forskarar peikt på at det ser ut til å vere meir D-vitaminmangel blant dei som har døydd av covid-19, enn i befolkninga elles.

Overvektige, eldre, personar med mørk hud, gravide og personar som er mykje innandørs, har større risiko for å få D-vitaminmangel, og bør sørgje for å få i seg vitaminet, meiner Bergman.

Publisert: 31.03.2021 08:31

Sist oppdatert: 31.03.2021 09:01