Kort fortalt

Forskingsmillionar til Havforskingsinstituttet

Det skal forskast for 32 millionar.

08.12.2015
(NPK): Havforskingsinstituttet har fått til saman 32 millionar kroner for å forske på oppdrettslaks, torsk og fangstteknologi.
Nærare 18 millionar kroner skal gå til å forske på oppdrettslaks, medan 7,5 millionar kroner skal brukast på ein Barentshav-studie som ser på torsken og byttedyra han et, fortel på eigen nettstad.
Vidare får instituttet også 7,5 millionar kroner til ein akustikkstudie som utviklar berekraftig fangstteknologi i dei pelagiske fiskeria.
Midlane kjem frå løyvingar i Havbruksprogrammet og Marinforsk, som Forskingsrådet nyleg offentleggjorde. (©NPK)

Publisert: 08.12.2015 17:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49