Kort fortalt

Fleire russiske fartøy i nordområda

Venta at aktiviteten vil auke.

04.05.2023

(NPK-NTB): Forsvaret registrerer auka russisk nærvær i nordområda, og det er venta at aktiviteten vil auke i tida som kjem.

– Forsvaret følgjer aktiviteten nøye, og dette gjer vi kontinuerleg saman med forbundsfellane våre. Vi er kjende med aktiviteten og har eit godt bilete på kva som skjer utanfor kysten vår, skriv Forsvarets operative hovudkvarter i ein e-post til Nettavisen.

Russiske maritime styrkar har aktivitet knytt til sigersdagen 9. mai og er i Nordsjøen akkurat no, men Forsvaret beskriv aktiviteten som heilt legitim. Likevel er denne aktiviteten forventa å bli meir merkbar i mai og juni.

– Framover forventar vi stor alliert og russisk aktivitet i havområda våre. Russarane seglar lovleg i internasjonalt farvatn, men Forsvaret følgjer med på aktiviteten.

(©NPK)

Publisert: 04.05.2023 12:13

Sist oppdatert: 04.05.2023 12:22

Mer om