Kort fortalt

Forsvarssjefen meiner beredskapen er mindre god

24.02.2025

(NPK-NTB): På treårsdagen for Russlands fullskalainvasjon av Ukraina meiner forsvarssjef Eirik Kristoffersen at beredskapen for krise og krig er mindre god.

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen rosar sine eigne soldatars innsats i fredstid, men er likevel bekymra for Noregs evne til å forsvare seg.

– Vi har god oversikt over kva som skjer langs kysten vår og på grensa mot Russland, men samtidig er beredskapen for krise og krig mindre god, seier han til VG.

Kristoffersen meiner derfor vi må bruke meir pengar på forsvaret.

– Vi må auke volumet, og vi må også byggje opp lager av ammunisjon, reservedelar, alt det vi treng for å skape uthald, seier han.

På treårsdagen for Russlands invasjon av Ukraina, seier forsvarssjefen at krigen har endra det norske forsvaret betydeleg, og at det finst lærdom å ta med seg vidare.

– Når vi no skal gjennomføre ei historisk satsing på forsvaret, ein ny langtidsplan, tek vi med oss erfaringar frå Ukraina, spesielt det som går på bruk av ubemanna system, som til dømes dronar, seier Kristoffersen.

(©NPK)

Publisert: 24.02.2025 12:08

Sist oppdatert: 24.02.2025 12:08

Mer om